Nytt liv på skuleplassen

Ei gruppe i Glesnes ungdoms- og idrettslag arbeider for å løfte både gymsalen og uteplassen ved gamleskulen som samlingsplass. Det er lagt ned ei rekkje dugnadstimar på området som no er i ferd med å bli ein flott leikeplass! Trimgruppa trenar i gymsalen kvar torsdag og her er plass til meir aktivitet. Ta kontakt om du vil vere med å setje i gong med noko! 
Sparebanken Vest har støtta prosjektet med 200.000,- og Gjensidigestiftelsen med 80.000,-.