Stiprosjekt

Stiane blir halde ved like på dugnad. Hiv deg med på dugnadsarbeid når invitasjonen kjem på facebook-sida til ungdomslaget! God trim, sosialt og triveleg :-) 

Glesnes sykkelsti
Vinteren / våren 2022 blei det rydda og bygd ein sykkelsti som knyter saman gamle gardsvegar og stiar på Glesnes, til glede for både syklarar og turgåarar. Turen til Gløpsa er med i Kystpasset 2023 (Kystpasset 2023, pdf). 

Spildepollen 

Turstien rundt Spildepollen skule starta som eit initiativ frå Glesnes ungdoms- og idrettslag, og laget driv planar for utviding vidare. 

Nordøyna
I samband med Strilaman Swimrun som blei arrangert for fyrste gong i 2017, blei det rydda og klipt til ein sti i terrenget på vestsida av Nordøyna ut til fyret. 
Delar kan vere blaut men stien er til glede for mange turgåarar. 

 

Vødlastien
I 2016 blei 
Vodlavegen og Porsvikavegen knytta saman med Vødlastien. Stien med grus og trebruar er flittig i bruk dagleg av mange turgåarar.
Dugnadsprosjektet var omfattande, frå den første klippinga og utforminga av stien, til  det blei kjørt ut 140 tonn grus hausten 2016 og seinare når trebruane kom på plass.  Her er også to flotte benkar du kan ta deg ein kvil på. Den eine er sponsa av Trigger. Den andre av Malene og Malfred Telle, og Karen Margrethe og Arne Olav Nilsen. 
For å få til dette prosjektet blei vi generøst sponsa av Loxam Rental avd. Bergen, Bogen fiskeri AS, Ramirent, Nic Jacobsen Entreprenør AS, Veidekke og Sotra Hus. 


 

 

Stien på veststida av Nordøyna

Stien på veststida av Nordøyna

Sykkelstien knyter saman vegar og stiar frå før som gjer det mogleg å gå flotte turar utan asfalt.

Sykkelstien knyter saman vegar og stiar frå før som gjer det mogleg å gå flotte turar utan asfalt.

Vødlastien

Vødlastien

Vødlastien med flotte benkar.

Vødlastien med flotte benkar.