Velkomen med nye påfunn!

Glesnes ungdoms- og idrettslag har om lag 250 dugnadsglade og kreative medlemmar og mange støttespelarar. Her er det kort veg frå idé til gjennomføring og laget står bak eller støttar mange aktivitetar og påfunn, m.a. dans, fiskefestival, quiz, basar og idrettsarrangement.

GUIL Og Sjøvang

Glesnes sjøsportsenter (Sjøvang) opna offisielt 9. juni 2012, og er basen for sjøsportsaktivitetar spesielt for barn og unge. I andre etasje av senteret har Sund Rockeklubb sitt lokale. Ved flytebryggja er du velkomen med fritidsbåten din. Glesnes ungdomshus blir brukt til mange arrangement, og leies også ut selskap.

Vetenløpet 12. juni

Mosjonsløp og fin familietur. Løyperebus ved Sund turlag, deltakarpremiar, saft og god stemning :-)

Kontakt oss!

Ikkje nøl med å ta kontakt om du vil bli medlem eller arbeide saman med oss om noko: glesnesungdomslag@gmail.com eller sjå oversikt under kontakt oss.

Sjøsportsenteret

Følg med på aktivitetane du kan vere med på, via Facebookgruppa:
Sjøsportsenteret på Glesnes