Glesværløpet

Glesværløpet 2015 går av stabelen 25. oktober, i år til inntekt for Flyktningehjelpen. Du kan også støtte aksjonen på førehand:
http://hjelp.nrc.no/hjelp-flyktninger-paa-vei-over-middelhavet-/3-1778
(klipp og lim adressen i nettleseren din. Det er dessv. noko galt med denne nettstaden, så lenka blir ikkje aktiv. Følg oss gjerne på Facebook. Du finn sida på framsida her, eller ved å bruke denne adr: https://www.facebook.com/glesnesungdomslag).

 
Praktisk informasjon

Glesværløpet er eit løp for store og små, mosjonistar og konkurranseløparar. Løypa er om lag 4.5 km og går i lett terreng mellom gamle naust og på velbrukte gardsvegar, rundt i kystmiljøet på Glesvær. Løpet startar og ender ved Glesvær kafè på Holmakaien. Det blir løyperebus ved Sund Turlag. Vi delar ut deltakarpremiar og saft til alle. Pokalar til vinnarar i konkurranseklassane. I tillegg trekker vi ut premiar på startnummera. Løpet er sponsa av Panorama hotell, Glesvær kafè, Sotra fiskeindustri og Bogen fiskeri A/S.

Påmelding frå kl. 11.30 ved Glesvær kafè.

START:

  • Frå kl. 12.15 turklasse
  • Kl. 12.45 Konkurranseklasse ungdom (opp til 15 år)
  • Kl. 13.00 Konkurranseklasse vaksen

Deltakaravgift:
Turklasse barn kr. 50,- / vaksen kr. 80,-
Konkurranse ungd. kr. 100,- /vaksen kr. 130,-

Alle arrangementa til ungdoms- og idrettslaget er basert på frivillig innsats. Ta gjerne kontakt om du ønskjer å vere med: jarle.glesnes@gmail.com. Visste du at lag og foreninger må betale lisens til Norges Friidrettsforbund for å arrangere mosjonsløp? Deltakaravgiften på løpet gir ikkje overskot til laget. Målet er å ha eit kjekt arrangement for små og store.

2014

75 spreke deltakarar trossa vind og regn og deltok på Glesværløpet 2014. Junioren Esther Zijerveld sprang inn til ny løyperekord i dameklassen på den sterke tida 19.49.  

Det var god stemning blant små og store turgåarar og konkurranseløparar, og glade deltakarar som gjekk heim med fine premiar trekt ut på Turtippen fra Sund Turlag og på startnummera til løpet. 

Stor takk til alle deltakarane, dei som hjalp til, sponsorane og til Arne og Ruth Bakke for lånet av naustet!

Resultatliste
/media/7001/Resultat_Glesvlopet2014.pdf


2013  

Glesværløpet 2013 samla sektifire deltakarar i det flotte haustveret. Det var mange sterke tider i konkurranseklassene, og talentfulle Lena Benjaminsen sprang inn til ny løyperekord på tida 20.05. I turklassen koste mange seg med å leite etter postar og tippe på Turtippen frå Sund Turlag. Glesnes ungdoms- og idrettslag har starta Friidretts- og friluftsgruppe for unge i haust, og fleire av desse var med i ungdomsklassen. Gruppa er leia av Anne Kristin Telle og driv med svært variert trening. Dei har mellom anna hatt havsvømming, sykling, fjelltur og bakkeløp på programmet. 

Stor takk til alle deltakarane, dei frivillige som hjalp til, sponsorane og til Arne Bakke for lånet av naustet!
 
Resultatliste 2013 (pdf)

Dameklassen2

Frå venstre: Cecilie Landro 2. plass, Lena Benjaminsen 1. plass og veteranen Ragnhild Korneliussen på 3. plass.

Vinnereherreklassen
Frå venstre: Sondre Strøm 2. plass, Håkon Landro 1. plass og Bjørn Tore Taranger på 3. plass.   

Turklassen1

God stemning etter løpet. Fredrik Mortensen frå Sund Turlag med Joel og Lukas i front.

Familietur

Heile familien med på løp. Maria Dalland, Arild Hammersland med Arvid og Marta.

Glede

Ekte løpsglede, representert ved Jørgen Algrøy.

Sekreatariatet2

Alle deltakarane fekk luer som ein ser her på Karin Sangolt frå Glesnes ungdoms- og idrettslag. Dei fekk også turkoppar frå Turlaget i tillegg til at det blei trekt ut heldige vinnarar på startnr.

Ungdklassen

Foto: Jonas Telle Fjell. Fleire frå ungdomsklassen i Glesværløpet i år, er med i ungdomslaget si Friidretts- og friluftsgruppe. Gruppa er leia av Anne Kristin Telle som fulgte gjengen sin frå start til mål.
 
Sekretariatet

Sekretariatet i dyp konsentrasjon om tidtakinga. Frå venstre: Karin Sangolt, Line Glesnes og Gry Kari Randem

 

  

Plakat 2013


Her finn du oversikt over personlege rekordar.(2012)

Glesværløpet 2012, det tiande i rekka, samla 73 deltakarar og det var god stemning i løypa og i målområdet. Nokon jakta på rekordar, nokon leita etter skattar med GPS og andre var nøgde med å gå den fine turen. Alle deltakarane fekk ei lommelykt med logoen vår, og vi trakk også ut 11 heldige vinnarar av røykt laks, hummar, krabbeklør og gåvekort frå Panorama konferansehotell og Glesvær kafè. Takk til alle deltakarane, dei frivillige som hjalp til, sponsorane og til Arne Bakke for å lånet oss naustet.
Sjå artikkel og mange flotte bilder frå løpet på kondis.no

Her finn du resultatlista 2012.

For meir informasjon, ta kontakt med Jarle Glesnes: jarle.glesnes@gmail.com / 90873292

 

 

 

Artiklar om tidlegare løp frå Kondis.no:

"Glesværløpet for tøffingar" 2011

"Sander S. Terum vant Glesværløpet" 2010

"Glesværløpet 20. august", 2006


 2012-Plakaten

Glesvarlopet 2012


 

G6

 

G7


G3