
Velkomen til Glesnes Ungdoms og Idrettslag
Eit lag for born, unge og vaksne sør på Sotra
Glesnes ungdomshus 100 år!
Det eldste ungdomshuset i Øygarden kommune, Glesnes ungdomshus, fyller 100 år i 2025.
Frå 16. – 26. oktober skal jubileet feirast med arrangement for små og store.
Den raude tråden i jubileet er å feire kva ungdomshuset har hatt og har å seie som samlingsstad for utviklinga og trivselen i krinsen, og dugnadsånden som huset er tufta på. Kva gjer frivillig arbeid med den enkelte og staden vi bur på, og korleis kan vi få enno fleire med?
Bli med på jubileet og sjå kor mykje spennande og givande Glesnes ungdoms- og idrettslag gjer, som du også kan vere med på!
Program
Seniorquiz og betasuppe
Glesnes ungdomshus
Påmelding til Ellen: 95 78 17 04 / ellen@bogens.no
Kokosbananas-show med meir
Saman med Folkeakademiet Vest, i og utanfor «Nye gymsalen»
Jubileumsrevy
Glesnes ungdomshus
Jubileumsrevy og dans med DJ Andrè Ljones
Glesnes ungdomshus
Glesværløpet
Saman med DNT Øygarden, start og mål på Holmakaien, Handelstaden Glesvær
Ope hus
Glesnes ungdomshus
Nausta rockers rocker i gong! Stands om aktivitetar i laget.
Glesnes ungdomshus, ein hundre år gamal samlingsstad
Reist av pågangsmot, vilje og utrøytteleg dugnad
Så bygdefolket har sin eigen stad å vera
i dei gladaste stunder, og dagar kun til å bera
Eit hus i havgapet med dropar av skaparglede og salt
For å leve her saman, sterkare om alt
For å tole alle vindkast og friske bølgjeslag
For å vekse og trivast, og le høgt i lag
…
Frå jubileumsskriftet
Glesnes ungdomshus 100 år,
i sal frå oktober 2025
For meir informasjon om jubileet
Ellen Pedersen
ellen@bogens.noLena Jensen Glesnes
lofotlena@gmail.comVåre aktiviteter
Fra sjøsport til klatring - vi tilbyr varierte aktiviteter for alle aldre og interesser
Bli medlem
Glesnes ungdoms- og idrettslag har over 400 dugnadsglade og kreative medlemmer
Hvorfor bli medlem?
Fellesskap
Bli del av et sterkt lokalsamfunn med over 400 medlemmer
Varierte aktiviteter
Tilgang til alle våre aktiviteter og arrangementer
Frivillig innsats
Bidra til et positivt miljø basert på dugnadsinnsats
Bli med i vårt fantastiske fellesskap
Her er det kort veg fra idé til gjennomføring!
Våre anlegg
Vi har flotte lokaler og anlegg tilgjengelig for utleie og aktiviteter
Kontakt: Mona Helen Kroksveen
Kontakt: Ellen Pedersen
Kontakt: Halvard Kallestad