|
Me er stolte av å bu i dugnadsbygda Glesnes, og det har me all grunn til! Iherdig dugnadsinnsats over mange år har gitt oss eit utruleg flott ungdomshus, mange aktivitetar i regi av ungdomslaget for kvart år og gjer dessutan at me kan arbeide med nye prosjekt. Alle aktivitetane er basert på frivillig innsats og at medlemma tek i eit tak til beste for fellesskapet. Bonusen er gleda over å få vere med på positive tiltak for bygda og ikkje minst hyggeleg sosialt samvere med andre medlemmar.
Me oppmodar deg til å ta ein titt på aktivitetskalendaren til ungdomslaget, og melde deg til teneste til noko du har lyst til å vere med på! Ver med å skape trivsel i nærmiljøet ditt! Har du andre forslag til aktivitetar? Meld frå!
Denne e-post adressen er beskyttet fra spam bots, du trenger Javascript slått på for å se det
|