Badinga tar til att frå måndag 6. september. Bassenget på Steinsland er
ope for barn med følgje frå Glesnes og omegn, kvar måndag frå kl. 17.30
til kl. 18.30 (merk: alle må vere ute til 18.30). Badinga følgjer
skuleruta. Kr. 10,- for barn og kr. 20,- for vaksne. Ta kontakt med
Randi Glesnes eller Fredrik Mortensen om du kunne tenkt deg å vere
badevakt. (31.08.10)
Loppemarknad 11. - 12. september
Stor loppemarknad på Glesnes ungdomshus og sjøsportsenteret Sjøvangen 11. og 12. september, begge dagar kl. 12.00 - 15.00. Lopper og lappar vert å få kjøpt. Har du lopper, kan du levere dei på ungdomshuset fredag 10. sept frå kl. 18.00 eller ring Astri: 56 33 82 26, Ellen: 95 78 17 04 eller Kristoffer: 98 40 25 46. (16.08.10)
Fiskekonkurranse og dans 31. juli!
Den årlege fiskefestivalen på Glesvær går av stabelen laurdag 31. juli. Det blir fiskekonkurranse med fine premiar på føremiddagen. Dei lokale "Kokkelurana" spelar opp til dans på Huset om kvelden. Gå ikkje glipp av festivalen, anten du er storfiskar eller ikkje! Sjå meir her. (15.07.10)
Nye rekordar på Vetenløpet!
Det blei både ny deltakarrekord og løyperekord på årets løp! 135
personar deltok og Håkon Landro slo sin eigen rekord i herreklassen med
tida 14.52. Sjå heile resultatlista og bilder her. (24.06.10)
Vetenløpet søndag 20. juni!
Vetenløpet er både for deg som vil gå ein flott tur i triveleg selskap og deg som vil konkurrere med naboen eller din eigen personlege rekord. På toppen ventar premiar, saft og heimebaka bollar Sjå meir informasjon her. (14.06.10)
Årsmøte og framdrift!
Her er siste nytt frå Glesnes Ungdomslag om framdrifta av Sjøsportsenteret med meire. Me møtast på dugnad! Siste_nytt.pdf
Bli med på årsmøte 20. mai på Huset frå kl. 18.00! (26.04.10)
Kulturkveld og fest 15. mai!
Gå ikkje glipp av kulturkveld og fest på Glesnes Ungdomshus laurdag 15. mai! Her blir det dugande lokale aktørar og stor stemning! (26.04.10)
Bli med på utviklinga av Glesnesparken!
FAU ved Glesnes skule har nyleg publisert ei nettside for å informere om det som skjer på og rundt skulen. Sjå sida her. (19.01.10)