Med glimt i auge og aktivitetar for alle!

Halvard Kallestad har vore ei sentral ildsjel i Glesnes ungdoms- og idrettslag i ei årrekkje. Han står bak idear og gjennomføring av store prosjekt, i tillegg til løpande aktivitetar året gjennom som svært mange får nyte godt av. Vi andre i laget har foreslått Halvard til å vinne prisen for å heidre og takke han, og er veldig glade for at Øygarden kommune er heilt einig i at han fortenar denne!

Leik og fellesskap er sentrale stikkord i Halvard sin omfattande frivillige innsats. Han gjer alt med glimt i auge, byr på seg sjølv og har ei inspirerande begeistring for det han held på med, anten det er i revygjengen, på sykkel eller ein farkost til havs. Når Halvard arrangerer aktivitetar står det å prøve noko nytt, meistring, og å ha det gøy i lag i fokus! Alt har låg terskel og er for alle! Denne haldninga gjer at barn, unge og vaksne oppdagar og blir med på aktivitetar til lands og til vanns som dei elles kanskje ikkje ville ha prøvd. Halvard er ein av dei som står bak at våtdrakt er ei slags nasjonaldrakt på Glesnes som er heilt normalt å møte naboen din i.

Månadens frivillige, Øygarden kommune. 

Sjå når Halvard mottok prisen frå ordføraren. 


Les intervju i Vestnytt med prisvinnaren her. 


Frå Glesnes ungdoms- og idrettslag etablerte Sjøsportsenteret Sjøvang i 2012, har Halvard vore i spissen for å drive aktivitetane ved senteret og utvikle det vidare. Sjøvang blir brukt av enkeltmedlemmar, allidrettsgruppene til laget, skular og andre. Her er utstyr som mellom anna SUP, kajakk, vannski, windsurf, wakeboard, kano, tube, båt, redningsvestar og våtdraktar. Halvard har koordinert utleige av utstyr og bruk av senteret sidan starten. I praksis betyr det at han kontinuerleg svarar på førespurnader, følgjer opp vedlikehald og oppgradering av utstyr mellom anna med søknadar til sponsorar og støttespelarar. Han driver også fram samarbeid med andre miljø for sjøsport lokalt og elles.

Halvard driv kurs store delar av året i ulike aktivitetar, som td. Windsurfing, wakeboarding og foil. Hovudmålgruppa er barn og unge, men Halvard har også kurs for vaksne, som trenarane for allidrettsgruppene. Han samlar i tillegg både og vaksne til felles samankomstar for å teste og leike seg med sjøsport.

 

Sykkelparken i Spildepollen, med offisiell opning 21. mai, er eit stort prosjekt og kapittel for seg. Halvard har vore heilt sentral, både i idefase, med søknadar, finansiering, og utallige arbeidstimar! Den forseggjorte sykkelparken med pumptrack og hoppliner i ulik vanskeligheitsgrad, lys og utstyr representerer eit breitt gratis aktivitetstilbod for barn og unge i regionen og verdifullt tilskot til omkringliggande skular og barnehagar. Parken trekk til seg folk frå heile regionen og er mykje i bruk!

Som om ikkje dette var nok: - Vinteren og utover våren no i år har han lagt ned kveld etter kveld med arbeid på ein ny sykkelsti på Glesnes som knyter saman gamle gardsvegar og eksisterande stiar, til stor glede for turgåarar og syklarar!
  

Hjarteleg takk Halvard, og vi håpar du aldri gir deg med nye sprell!

Bak ei kvar småbarnsfar-ildsjel – står ein tolmodig, arbeidsom og super partnar! Kjære fantastiske Kari, som stillar smilande opp på ein masse du også i tillegg til alt anna du gjer på bakrommet, - hjarteleg takk til deg også!!