Kva betyr laget for deg?

Glesnes ungdomslag blei stifta i 1904 (Vi tullar ikkje)! Bak kvar av aktivitetane, bygningane, søknadane, utstyret, stiane, påfunna, anlegga, styremøta og kvart einaste arrangement finns utallige timar dugnadsarbeid, sveitte, kreative diskusjonar, gøy og latter i lag!

I samband med Frivilligåret ønskjer vi å høyre kva arbeid i laget har betydd for deg,– gjerne «behind the scenes» frå noko du har vore med å få til.

Send oss tekst (maks 400 ord), bilde (maks 10) eller filmsnutt (maks 3 min) til GUILfrivillig@gmail.com innan 15. oktober. Formidle gjerne dette vidare til dei du kjenner som har vore aktiv i laget tidlegare (kanskje du kan lage videointervju?).

Utdeling av flotte premiar for nokre av bidraga!

 

Anten du har vore med å bygge sjøsportssenteret, vaske startnummer, lage revy, basar, kor, festar, fiskekonkurranse, loppemarknad, påskequiz, ny sti eller noko heilt anna, skifta gulv på ungdomshuset, vore trenar for allidretten veke etter veke, stått for baking og laga forseggjorte premiar, merka løyper til vanns og til lands eller anna førebuingar til løp, strilaman eller swimrun, stått for lyd og lys på alskens arrangement, stått vakt i ein sving, på ein holme eller på Veten - kanskje i år etter år, stått for rekneskapen eller vore med på revytur.

Kva har du opplevd i Glesnes ungdoms- og idrettslag som frivillig og kva har det betydd for deg?

Bidraga kan bli brukt i laget sine kanalar og arrangement, evt. i Vestnytt.

Nokre vil bli premiert!