Vetenløpet

Vetenløpet har tjueårsjubileum i år, hurra!
Løpet er eit samarbeid mellom Glesnes ungdoms- og idrettslag og Sotra Øygarden turlag. Sidan vi ikkje kunne arrangere løpet i vår, inviterer vi alle til å bli med på feiringa ved ta den flotte turen når du vil, mellom 15. juni og 15. september 2020 (siste påmeldingsdag 1. september), registrere turen digitalt og bli med i trekkinga av premiar.

Bli med, det er superenkelt!
Deltakaravgift kr. 40,- for vaksne, 30,- for barn. Kjøp billett her.

Last ned appen DNT SjekkUT (gratis for medlemmar og ikkje medlemmar av Den norske turistforening). Søk opp Vetenløpet 2020 og trykk «Bli med» (frå 15. juni). No kan du registrere besøket når du står på toppen, og signere i den digitale gjesteboka. Har du med barn som ikkje har DNT SjekkUT, kan du skrive namn på dei i den same gjesteboka. 
Du kan også ta eit bilde i appen og dele at du er med på feiringa av tjueårsjubileet.


Litt langs løypa
Det er fleire stiar opp til Veten. Sjå i Kystpasset 2020 side 11. Vetenløpet går frå Førde, Klokkarvik og opp. Denne stien vil ha nokre oppgåver og anna langs løypa i samband med jubileet, merka med flagg.
Om du har lyst å dele tida di frå denne løypa opp frå Førde, kan du sende den inn til vetenlopet20@gmail.com Då blir den lagt ut på denne sida. Start heilt nede i krysset.

Løyperekordane har Håkon Landro på tida 14.36 og Eli Anne Dvergsdal på tida 16.41.


Kven klarar flest turar?
Du kan registrere besøk fleire gonger i appen. Signer med Vetenløpet 2020 i gjesteboka og kor mange gongar du har gått. Det blir sjølvsagt heider og ære og ein litan premie til dei som setter rekordar her også.


Del opplevinga.
Ta gjerne bilde eller film og del på Instagram med taggen #veten20år
Kanskje vil du synge bursdagssongen for Vetenløpet?
 
Så i år må du altså bake bollane sjølv, men turen og utsikta på toppen får du likevel – og jubileumsfeiring over tre månader er sanneleg ikkje verst.
Det kan vere vi får til å samlast til eit ordinært løp ein søndag seinare i haust. Då stillar dei som har vore med på denne feiringa sterkt!


God tur og heia heia!

 

Sponsorar: Glesvær kafè, Sotra fiskeindustri AS og Bogen fiskeri AS. 

Vetenløpet blei første gong arrangert i 2000.