Vetenløpet 2015

Vetenløpet 2015 gjekk av stabelen 24. mai i samarbeid med Sund turlag.

Løyperebus og deltakarpremiar. Saft og bollar på toppen. Trekking av premiar på startnummera, frå Panorama hotell, Glesvær kafe og Sotra fiskeindustri. 

Påmelding frå kl. 11.30, Førde i Klokkarvik

START:

  • Frå kl. 12.15 turklasse
  • Kl. 12.45 Konkurranseklasse ungdom (opp til 15 år)
  • Kl. 13.00 Konkurranseklasse vaksen

Personlege rekordar


2014
Det blei satt ny sterk løyperekord i dameklassen med tida 16.41 av Elianne Dvergsdal. Her finn du resultatlista (pdf). Det var som alltid god stemning på toppen med heimebakte bollar, saft og flotte premiar trekt ut på startnummera. Fleire var nøgde med å sikre seg eit klipp i Kystpasset også.

Takk til alle deltakarane og alle gode hjelparar!

Vetenlopet 2014(2)


Praktisk info.:

Løpet går frå Førde, Klokkarvik, opp til varden på Veten. Veten ligg 284 m.o.h. og er det høgaste punktet i Sund kommune. Vi delar ut premiar til alle, saft og heimebaka bollar på toppen! Du kan også vinne gåver frå Glesvær kafe, Panorama konferansehotell og Sotra Seafood på startnummeret.

Turklasse vaksne kr 60,- og barn kr 50,-
Konkuranseklassekl. vaksen kr 120,- og ungdom kr 80,-

Her finn du personlege rekordar (pdf) 

For meir informasjon, ta kontakt med Jarle Glesnes: jarle.glesnes@gmail.com / 90873292

 

Det var til saman 86 deltakarar på Vetenløpet 2013, og det blei satt nye løyperekordar i både dame- og herreklassen.
 
Her finn du heile resultatlista (pdf).

Den nye løyperekorden i herreklassen er tida 14,36, satt av Håkon Landro. Han hadde sjølv den gamle rekorden på tida 14,52. Lena Benjaminsen sprang inn til ny løyperekord i dameklassen, på tida 19,06. Den gamle rekorden var på tida 20,18.
Det blåste friskt på toppen, men stemninga var upåklagelig med saft, heimebakte bollar og jubel for alle deltakarane! I år fekk delte vi ut Vetenløp-gymposar til alle. Nokon skulle bruke dei på trening, og andre til handleturene på butikken. Det blei også trekt ut heldige vinnarar av røykte laksar og gåvekort frå Glesvær kafe og Panorama konferansehotell.
Sund kommune markerte den internasjonale aktivitetsdagen for eldre i samarbeid med Sund Turlag. Dei som hadde behov for litt assistanse på turen kunne difor delta i klassen "Edel årgang".

P1060840

P1060844

P1060841
Vetenlopet 2013

 

 

Stor takk til sponsorane og alle dei frivillige! 
 
  

Veten1

 

Heimatt _lite