Vetenløpet har bursdag, hurra! Har du lyst å teikne ei fin teikning til Vetenløpet og dele med oss? Då blir vi glade! Kan hende vil du teikne noko du såg på stien eller frå toppen? Eller ei ekte bursdagsteikning?
Du (eller ein vaksen som kan hjelpe til) kan ta bilde av teikninga og sende den saman med namn, alder og mobilnr. vi kan kontakte deg på om du vinn ein premie til: vetenlopet20@gmail.com

Vi vil dekorere med teikningar i dei digitale kanalane og lage ei utstilling av dei på varden på Veten dei to første vekene i september. Dei kan også bli brukt i Vestnytt. 

Les meir om Vetenløpet 2020 her.