Glesnes teaterlag

Glesnes teaterlag arbeider alltid med ein ny revy. Lyst til å vere med? Ta kontakt med revyleiar Kathrine Kallestad: kathrine.kallestad@bkkfiber.no

Følg teaterlaget på Facebook her

Musikalen "Annie" blei satt opp i februar 2012, med Karina og Ingeborg Hollup i spissen. Barn og unge i alderen 8 til 15 frå heile kommunen deltok foran og bak scenen, og musikalen vart spela fire gongar for fulle hus på ungdomshuset. 

Annie

Om lag 1200 personar fekk med seg den siste revyen til Glesnes teaterlag "Sund-nami - ei bølgje av humor og glede", frå 2009. Latterbrøla sto i taket!

Det har alltid vore stor aktivitet i bygda med skodespel og revy. Teaterlaget oppstod som eit resultat av samarbeid med Folkeakademiet. Frå starten har teaterlaget framført revyar og skodespel.
Teaterlaget har denne målsettinga: Å GLEDA OSS SJØLV OG ANDRE!

Meir om historia til teaterlaget, finn du i Jubileumsskriftet Glesnes Ungdomslag Heilt i 100, frå 2004.