Sjøsportsenteret Sjøvang

Bli med i gruppa på Facebook for oppdatert informasjon.
https://www.facebook.com/groups/138185056216014/

 
Vi driver  vannsportsaktivitetar som windsurfing, wakeboarding, vannski, tubes, kajakk, kano osb.

Senteret har redningsvestar, våtdraktar i tillegg til vannsportsutstyr, og blir også brukt av skulen og barnehagen.

Ved kaia er du velkomen med fritidsbåten din. På senteret er det toalett og dusj.
Båtar under 30 fot: kr. 100,-
Båtar over 30 fot: kr. 130,-
Brukar du straum til båten kostar det kr. 50,- meir i døgnet.

I andre etasje har Sund Rockclub sitt øvingslokale, med unge frå heile kommunen. Her finn du meir informasjon om dei.

Styret for senteret er Hallvard Kallestad, Inge Kausland, Rune Solberg og eit medlem av Speidergruppa.

Senteret er reist på dugnad med ein byggjekomité og Speidergruppa i spissen, og blei opna 9. juni 2012. Byggjekomiteen mottok Årets frivilligpris frå Sund kommune same år. 

 

Sjovang