Fiskefestival med dans

Fiskefestivalen har vore i august og starta med fiskekonkurranse på føremiddagen. Ein kan delta både med båt eller fiske frå kaien og vinne fine premiar i ulike kategoriar (største fangst, største og minste fisk osv.). Påmelding og premieutdeling er på Holmakaien utanfor Glesvær kafé. Her er det også sving i utegrillen på festivaldagen, så ein kan nyte grillmat etter fiskinga.

Fiskekonkurranse frå kl. 12.00 - 15.00
Påmelding frå kl. 11.00

På kvelden er det tradisjonell dans på ungdomshuset med levande musikk og stor stemning. Dørene opnar kl. 21.00.

 

Storfiskar