Allidretten 10 år!

Allidretten til Glesnes ungdoms- og idrettslag blei ti år i 2022, hurra! Ein gong i veka er det framleis full rulle i fire grupper frå 1. til 10. klasse som held på med eit mangfald av aktivitetar.

Feiring blei utsett, men vi ønskjer framleis å høyre frå deg som har vore med: 
Er du med eller har vore det før, vil vi gjerne høyre frå deg – og kjenner du nokon som er eller har vore med, håpar vi du kan formidle dette vidare!

Korleis er det å vere med? Er det aktivitetar som er spesielt gøy, spennande eller skumle? Har du vore med på noko du aldri trudde du skulle klare, men klarte likevel? Har du kanskje vore med for lenge sidan og held på med nokre av aktivitetane enno? Kva betydde det for deg å vere med?

Send teikning, kort tekst eller filmsnutt (maks tre minutt) til: allidrettjubileum@gmail.com


Hugs å merk med namn, alder og adresse. Bidrag kan bli publisert i ungdomslaget sine kanalar og på arrangement, evt. i Vestnytt. Det blir premiering av nokre bidrag!